Våre politikere

  • Jon Håkon Odd

    Eg er fødd i 1977 og vaks opp i Leikanger. Etter nokre år med studiar ved Universitetet i Bergen flytte eg heim for å arbeide i dåværande Noreg.no. Eg er gift med Herdis, og bur saman med familien min på Seberg. Til dagleg jobbar eg som seniorrådgjevar i Direktoratet for forvaltning og IKT(Difi) med digitalisering av offentlege tenester. Eg har i mange år vore hovudtillitsvald i Difi og leiar av Norsk tenestemannslag si avdeling i direktoratet. Eg har vore leiar i Leikanger Arbeidarparti sidan 2011. Årsaka til at eg er med i Arbeidarpartiet er at dei som eg ønskjer eit samfunn med små forskjeller og store moglegheiter. Dei viktigaste politiske sakane i Leikanger for meg er bustadspolitikk, oppvekstmiljø og gode og nære velferdstenester. Leikanger kommune er blant landets beste plassar å bu. Me har gode forutsetningar til å halde fram den gode utviklinga me har hatt dei siste tolv åra, men det krev at me gjer rette val og finn dei beste løysingane. Eg trur at det er noko me gjer best i fellesskap. Leikanger Arbeidarparti stiller med ei sterk liste, med flinke, engasjerte og handlekraftige kandidatar. Eg er stolt av å få lov til å stå på topp på denne lista, og gler meg til det viktige arbeidet me skal gjere i den neste kommunestyreperioda. Difor håpar eg at du stemmer på oss i Arbeidarpartiet ved valet i haust. Me vil meir, og med gode kandidatar og ein framtidsretta politikk er eg trygg på at me i lag tek Leikanger vidare i rett retning.

  • Cecilie Njøs

    cess_njoes@hotmail.com 952 65 172

    Eg vart fødd i 1986 og vaks opp i Gjertrudbakken. Etter nokre år med studiar i samfunnsøkonomi på Universitetet i Oslo flytta eg heim i 2013. No bur eg saman med Gjermund i Verken. Eg har stort engasjement for bygda eg vaks opp i. No ønskjer eg å vere med på å vidareutvikla kommunen vår. Difor stiller eg til val for Arbeidarpartiet. Dei sakane som engasjerer meg mest er helse og utdanning. Eg meiner at Leikanger treng å rusta seg for å møte utfordringane med at me stadig vert eldre, ved å leggje til rette for at me i framtida og kan gje ei verdig omsorg. For at alle skal ha like moglegheiter i framtida er det viktig å satse på ein god skule.

  • Henny-Kristin Asperanden Navarsete

  • Bjarne A. Sjøthun

    bsjoethu@online.no 909 57 245
  • Haavard Stensvand

  • Jarle Andersen

  • Alison Molland

    alison@hotmail.no 909 60 633