Politikken
Me vil meir!
KommuneprogramLeikanger Arbeidarparti vil førebu kommunen vår på framtidas utfordringar. Me vil ha attraktive bustadar og arbeidsplassar, gode og nære tenester og eit trygt og inkluderande oppvekst- og bumiljø. Me vil at Leikanger skal vere ein god stad å bu for alle.
Me trur på sterke fellesskapsløysingar, fordi vi får til meir saman enn kvar for oss. Det gjev større tryggleik og fleire moglegheiter for kvar enkelt om me stiller opp for kvarandre. Kvar og ein av oss skal ha moglegheita til å leve gode liv, og alle skal ha like moglegheiter til arbeid, tryggleik og tilhøyrigheit.